måndag 3. august 2009

Du veit du har sommarferie når du...

- kan supplera det nyinnkjøpte snopet ditt med ferske plommer frå hagen!

- legg dagen opp etter kortid jordbæra dine blir modne i Farmville!

- midt på ettermiddagen finn deg sjølv pratande med ein grandonkel på veg til lokalbutikken (utan at det er noko du MÅ handla), framfor å hasta frå ein halveten middag til deltidsjobben din.

- kring midnatt får telefon frå ein gamal god venn, og de snakkar i ein time før de finn på at de skal på jentetur til Oslo før året er omme!

- kan sova fire timar om natta utan at det har noko å sei for dagen etter.

- går ut og snopar for den snopesjuke kjærasten din (som heller ikkje fekk sova i natt)

- kan nyta heile dagar med Pet society og Farmville uten å tenka at du har fritidsproblem.

- lagar sunne, gode middagar kvar dag, og får godt samvet!

- tar oppvasken bare fordi du har lyst!

- lure på om du ska mala eit bilde, eller gå ein tur, eller bare ligga på sofaen og spela facbook-spel!

- ringer sjefen for å eigenmelda deg på onsdagen, og ho svarar med; jamen du har jo ferie du!

-ynskjer alle som les dette notatet ein god sommarferie vidare, og oppmodar dei om å legga att sine
"du veit du har sommarferie når..." i kommentarfeltet under.

God sommar vidare, alle!

søndag 24. mai 2009

Ny familieverksemd:


Eg har den store æra og gleda å presentera den nye familieverksemda vår; Oma Neping AS.
Ynskjer du nepeprodukt av god kvalitet er me dei rette å venda seg til.

Eit lite utval av det me kan tilby er:

-Økologiske nepedyner
-Nepecider og -øl
-Stilfulle møblar av nepevyrke

Me ynskjer deg velkomen til Oma Neping AS!

For nærare informasjon, ta kontakt med Liv Unni eller Trygve.

fredag 22. mai 2009

I tilfelle du lure på kem så EGENTLI styre verden:


Ninemor sier:
ååå eg såg for meg ein tegning!

Prinsesse anti-nyttårsforsett sier:
Kas då?

Ninemor sier:
alle kjendte politikara i ein komferanse, me pinoccionaser og tråer som gjekk opp t ein feit og hjernedau mann me for kort skitten kvit helsetrøya så styre dei

Ninemor sier:
så satt på ei sky
åå eg vett kossn han ser ut

Ninemor sier:
da der great britan

Prinsesse anti-nyttårsforsett sier:
little ?

Ninemor sier:
me han feite i rullestolen

Plukk opp elefantbæsjen:


Dette er ein fin leik som kan brukast både til kvardags og fest:

Det er om å gjera å sjå mest mogleg autentisk ut medan
ein plukkar opp ein fiktiv elefantbæsj.

Den som blir fyrst ferdig med å fylla opp ei fiktiv trillebår
med fiktiv elefantbæsj, vinn leiken.

Det må sjå autentisk ut.

Til no ukjend dikt av morfaren min - Kristofer Titlestad: