torsdag 17. november 2011

Redesign av vinylplater





Eg har fått meg ein ny og utruleg kjekk hobby: Eg lagar skåler av gamle LP-plater. Noko av det som er så kjekt med å laga desse skålene er at ein ikkje kan veta heilt koss dei vil komma til å sjå ut før dei er ferdige. Og så er det ganske artig å finna plater med fine fargar og mønster i midten!

Teksten kan og bli ganske underhaldande, særleg dersom ein får visuelle assosiasjonar frå han. Til dømes 20 år med svensktoppen som får meg til å tenka på gyngande middelaldrande menn i glitrande dressar. Og kven vil ikkje ha det på bordet sitt?