tysdag 30. april 2013

Sunne gullerotmuffins! :)



For å laga supersunne gullerotmuffins treng du:

4 rivne gullerøter
2 egg
4 ss. matolje
0.5 dl mjølk
0.5 dl kesam
2,5 dl grovmalt kveitemjøl
1,5 ts kanel
1,5 ts bakepulver
1dl frø eller kli etter eige ynskje; linfrø, sesamfrø, solsikkefrø eller kruskakli er det eg brukte.
1.dl. sukrin eller 1ts steviapulver
(her må du prøva deg fram så det ikkje blir for søtt, skal veldig lite til)

Ha i muffinsformer og steik midt i ovnen, 200 grader i 15 minutt.

Når muffinsane er avkjølte kan du ha ein syrleg glasur på;

1 beger naturell kremost
1/2 dl. sukrin-melis

SO er det berre til å nyta ein sunn nistemuffins eller to! :)


laurdag 20. april 2013

Støvlar med hòl i

Då eg rydda i gongen i dag fann eg dei gamle støvlane mine. Det gjekk hòl i dei i fjor, og dei har berre blitt ståande bakerst i skapet. Var på veg til å kasta dei i bòset i dag, men fekk brått ein idè om at det burde vera mogleg å bruka dei til noko vetigt; altså blomsterpotter. For å laga blomsterpotter av gamle støvlar eller liknande treng du:

  • Ein boremaskin
  • Utgåtte sko
  • Småstein/lecakuler
  • Mold
  • Frø



Gler meg til å få fine erteblomar som slyngar seg nedover støvleskafta mine om nokre månader! :)
 













fredag 19. april 2013

Er du ein drodlar?

Det er eg. Her er nokre av drodlisane mine: 






Gjenbruk av brygge

Det var ein mørk og stille fredagskveld i mars. Medan andre kjærastepar sat inne og såg på småkjipe tv-program og åt taco, var desse to ute i eit hemmeleg ærend. Dei luska seg bortover vegen, og prøvde å sjå ut som eit heilt vanleg forelska par på kveldstur, men då dei kom fram til stranda vart det tydeleg kva dei eigentleg skulle...


Brygga låg der framleis. Ho hadde reke i land under vinterstormane, og eigaren hadde enno ikkje kome og henta ho. Det var på tide å redda brygga med seg så ikkje dei ivrige bålbrennarane i nærleiken skulle få hand i henne. 

Kjærasteparet løfta den vasstrukne brygga vekk frå steinane og klungeren ho hadde stranda i, og byrja å gå. Dei brukte alle kreftene sine, og hadde mange pausar på turen, men brygga skulle heim! 

-Og heim kom ho, etter mykje slit. Me la ho i hagen, og har brukt fritida siste månaden på å saga brygga opp og bygga kassar av henne. Planen er å laga vår eigen grønnsakshage i kassane og å ha dei på terassen. 







Katten vår Ronja Aurora ville òg vera med å bygga: 


 






onsdag 30. januar 2013

Strandkjemming 2

Det er kanskje litt sprøtt å gå og gle seg til ein kjem heim frå jobb for å springa ut i bitande kuling, regn og springflo for å sanka rekved mellom bølgene, men der har du meg! :) Her er nokre bilete frå dagens hausting: 







  
                                                                                                        



tysdag 29. januar 2013

Grønne og skjønne miljøtips!


Livsstilen og forbruket vårt kan vera eit problem for miljøet, men det treng ikkje å vera det. Her kjem nokre enkle vink til korleis me kan leva litt grønnare, og hjelpa kvarandre og planeten vår:




  • Svanemerket: Noko av det enklaste ein kan gjera er å bytta ut miljøfarlege produkt med "snille", og ser du svanemerket på såpa/papiret/vaskemiddelet osb. så veit du at fiskane i enden av røyrutløpet ditt kan symja tryggare. I tillegg pustar du og dine inn litt færre kjemiske substansar i heimen.                                                                    Så sjå etter den grøne svanen, folkens! :) 


  • Attvinning: Resirkuler bòset ditt. Ta deg bryet med å levera inn syltetøyglas, hermetikk og spesialavfall som maling, hårspray/barberskum-flasker o.l. 

  • Sprek: Bruk mindre bil og meir bein! 


  • Øko: Vel økologiske produkt når du kan og har råd. Eit lite tips her (utan at eg skal reklamera spesielt for butikkar) er at Kiwi ikkje tek moms på økologiske produkt, så der er det ikkje  så dyrt. Det er òg andre butikkjedar som er blitt flinke til å selja økologiske produkt til ein overkommeleg pris. 

  • Fornybar energi: Sørg for at straumen du brukar heime er fornybar. 



  • Lær det vidare: Har du ungar, småsøsken eller vener som kan ha godt av å bli litt grønne og skjønne? Lær dei det du veit om å ta vare på jorda. Ingen kan redda jorda åleine, men alle kan gjera litt! :) 
Bruk hodet - vi har bare en klode!

Redesign

I dag har eg oppdatert nettbutikken min! Har tatt nye bilete, redigert, ordna og sortert for å få butikken i gong att etter ein liten pause. Kjekt å få butikken opp og gå igjen! Her finn du han: Frøken Oma

Og her er nokre av bileta eg tok i dag:

Lommebok av eple- og mangojuskartong

Lommebok av appelsinjuskartong

Lommebok av skumma kulturmjølk-kartong

måndag 28. januar 2013

Strandkjemming

No har det vore både springflo og kuling her eit par dagar. Det gjev gode dagar for strandkjemmarar som meg! Planen er å sanka nok rekved til å kunna laga kassar å planta grønnsaker i på altanen. Trur eg har nok til ein kasse snart, men må nok ha ein tur i stranda i morgon òg.

So fin kan overflata bli når ein brukar rekved! :) 





Eg legg ved dette nydelege diktet om strandkjemmaren, skrive av George Mackay Brown: 


Beachcomber

Monday I found a boot –
Rust and salt leather.
I gave it back to the sea, to dance in.

Tuesday a spar of timber worth thirty bob.
Next winter
It will be a chair, a coffin, a bed.

Wednesday a half can of Swedish spirits.
I tilted my head.
The shore was cold with mermaids and angels.

Thursday I got nothing, seaweed,
A whale bone,
Wet feet and a loud cough.

Friday I held a seaman’s skull,
Sand spilling from it
The way time is told on kirkyard stones.

Saturday a barrel of sodden oranges.
A Spanish ship
Was wrecked last month at The Kame.

Sunday, for fear of the elders,
I sit on my bum.
What’s heaven? A sea chest with a thousand gold coins. 
frå Fishermen with Ploughs (Hogarth Press, 1971)

Ha ein god dag! :) 

fredag 25. januar 2013

Fine forfattarar - Cecelia Ahern og Anna Gavalda


Den siste tida har eg lese fleire bøker av den franske forfattaren Anna Gavalda. I Noreg kjem bøkene ut på Samlaget, altså på nynorsk! *elsk*


Ivar Aasen 



Bøkene eg har lese av Gavalda er:

* Eg elska ho

* Saman er ein mindre åleine

* Lukka er ein sjeldan fugl

* Ein vakker dag

* Eg vil at nokon skal vente på meg

Saman er ein mindre åleine er det forresten laga film av. Veldig fransk og veldig fin.



Eg vil anbefala alle å lesa desse bøkene , for Anna Gavalda er så flink til å skildra menneske, ho skriv så godt om menneskelege forhold og igrunn om den underliggjande varmen som ein kjenner for kvarandre sjølv om ein kanskje ikkje alltid klarar å formidla han.





Cecelia Ahern skriv ofte om menneske som på ein eller annan måte lever i ei skodde eller har det vanskeleg, men dei finn alltid tilbake til det magiske i livet; dei fine augneblinkane.

Eg har lese bøkene PS i love you, The book of tomorrow, og If you could see me now.



Som med Anna Gavalda sine bøker er dei litt treige å komma inn i, men veldig kjekke når ein først er "inni historia". Eg blir berre heilt vekke, i mi eiga verd når eg les desse bøkene! Det er så herleg å drøyma seg bort litt ...  :)

Måning...

Her ein dag då eg gjekk heim frå jobb såg eg ei eldre dame som lente seg bakover mot ein granhekk. Først vart eg litt redd for at noko skulle vera i vegen, kanskje ho var dårleg eller noko?



 



 -Men snart såg eg at ho berre kvilte mot hekken og solte seg. Ein litt underleg ting å gjera kanskje, men erfaringa mi er at gamle damer veit kva som er verdt å bruka tid på. :)

Prøvde det same no i måneskinnet (månte meg?), og det var overraskande komfortabelt. ♥ Måning mot granhekk er min nye hobby ♥ anbefalast på det varmaste :)