måndag 3. august 2009

Du veit du har sommarferie når du...

- kan supplera det nyinnkjøpte snopet ditt med ferske plommer frå hagen!

- legg dagen opp etter kortid jordbæra dine blir modne i Farmville!

- midt på ettermiddagen finn deg sjølv pratande med ein grandonkel på veg til lokalbutikken (utan at det er noko du MÅ handla), framfor å hasta frå ein halveten middag til deltidsjobben din.

- kring midnatt får telefon frå ein gamal god venn, og de snakkar i ein time før de finn på at de skal på jentetur til Oslo før året er omme!

- kan sova fire timar om natta utan at det har noko å sei for dagen etter.

- går ut og snopar for den snopesjuke kjærasten din (som heller ikkje fekk sova i natt)

- kan nyta heile dagar med Pet society og Farmville uten å tenka at du har fritidsproblem.

- lagar sunne, gode middagar kvar dag, og får godt samvet!

- tar oppvasken bare fordi du har lyst!

- lure på om du ska mala eit bilde, eller gå ein tur, eller bare ligga på sofaen og spela facbook-spel!

- ringer sjefen for å eigenmelda deg på onsdagen, og ho svarar med; jamen du har jo ferie du!

-ynskjer alle som les dette notatet ein god sommarferie vidare, og oppmodar dei om å legga att sine
"du veit du har sommarferie når..." i kommentarfeltet under.

God sommar vidare, alle!