tysdag 30. april 2013

Sunne gullerotmuffins! :)



For å laga supersunne gullerotmuffins treng du:

4 rivne gullerøter
2 egg
4 ss. matolje
0.5 dl mjølk
0.5 dl kesam
2,5 dl grovmalt kveitemjøl
1,5 ts kanel
1,5 ts bakepulver
1dl frø eller kli etter eige ynskje; linfrø, sesamfrø, solsikkefrø eller kruskakli er det eg brukte.
1.dl. sukrin eller 1ts steviapulver
(her må du prøva deg fram så det ikkje blir for søtt, skal veldig lite til)

Ha i muffinsformer og steik midt i ovnen, 200 grader i 15 minutt.

Når muffinsane er avkjølte kan du ha ein syrleg glasur på;

1 beger naturell kremost
1/2 dl. sukrin-melis

SO er det berre til å nyta ein sunn nistemuffins eller to! :)


laurdag 20. april 2013

Støvlar med hòl i

Då eg rydda i gongen i dag fann eg dei gamle støvlane mine. Det gjekk hòl i dei i fjor, og dei har berre blitt ståande bakerst i skapet. Var på veg til å kasta dei i bòset i dag, men fekk brått ein idè om at det burde vera mogleg å bruka dei til noko vetigt; altså blomsterpotter. For å laga blomsterpotter av gamle støvlar eller liknande treng du:

  • Ein boremaskin
  • Utgåtte sko
  • Småstein/lecakuler
  • Mold
  • Frø



Gler meg til å få fine erteblomar som slyngar seg nedover støvleskafta mine om nokre månader! :)
 













fredag 19. april 2013

Er du ein drodlar?

Det er eg. Her er nokre av drodlisane mine: 






Gjenbruk av brygge

Det var ein mørk og stille fredagskveld i mars. Medan andre kjærastepar sat inne og såg på småkjipe tv-program og åt taco, var desse to ute i eit hemmeleg ærend. Dei luska seg bortover vegen, og prøvde å sjå ut som eit heilt vanleg forelska par på kveldstur, men då dei kom fram til stranda vart det tydeleg kva dei eigentleg skulle...


Brygga låg der framleis. Ho hadde reke i land under vinterstormane, og eigaren hadde enno ikkje kome og henta ho. Det var på tide å redda brygga med seg så ikkje dei ivrige bålbrennarane i nærleiken skulle få hand i henne. 

Kjærasteparet løfta den vasstrukne brygga vekk frå steinane og klungeren ho hadde stranda i, og byrja å gå. Dei brukte alle kreftene sine, og hadde mange pausar på turen, men brygga skulle heim! 

-Og heim kom ho, etter mykje slit. Me la ho i hagen, og har brukt fritida siste månaden på å saga brygga opp og bygga kassar av henne. Planen er å laga vår eigen grønnsakshage i kassane og å ha dei på terassen. 







Katten vår Ronja Aurora ville òg vera med å bygga: