fredag 19. april 2013

Gjenbruk av brygge

Det var ein mørk og stille fredagskveld i mars. Medan andre kjærastepar sat inne og såg på småkjipe tv-program og åt taco, var desse to ute i eit hemmeleg ærend. Dei luska seg bortover vegen, og prøvde å sjå ut som eit heilt vanleg forelska par på kveldstur, men då dei kom fram til stranda vart det tydeleg kva dei eigentleg skulle...


Brygga låg der framleis. Ho hadde reke i land under vinterstormane, og eigaren hadde enno ikkje kome og henta ho. Det var på tide å redda brygga med seg så ikkje dei ivrige bålbrennarane i nærleiken skulle få hand i henne. 

Kjærasteparet løfta den vasstrukne brygga vekk frå steinane og klungeren ho hadde stranda i, og byrja å gå. Dei brukte alle kreftene sine, og hadde mange pausar på turen, men brygga skulle heim! 

-Og heim kom ho, etter mykje slit. Me la ho i hagen, og har brukt fritida siste månaden på å saga brygga opp og bygga kassar av henne. Planen er å laga vår eigen grønnsakshage i kassane og å ha dei på terassen. 







Katten vår Ronja Aurora ville òg vera med å bygga: 


 






2 kommentarer:

  1. He-he... Ja ei bryggje kan brukast til så mangt... som for eksempel ein grønnsakshage!! Smarte dåke er! Lykke til med neste prosjekt :-)

    Klem fra Mona :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Me gler oss til å planta! :)

      Vert nok fleire blogginnlegg om koss plantinga går :)

      Slett