tysdag 30. april 2013

Sunne gullerotmuffins! :)



For å laga supersunne gullerotmuffins treng du:

4 rivne gullerøter
2 egg
4 ss. matolje
0.5 dl mjølk
0.5 dl kesam
2,5 dl grovmalt kveitemjøl
1,5 ts kanel
1,5 ts bakepulver
1dl frø eller kli etter eige ynskje; linfrø, sesamfrø, solsikkefrø eller kruskakli er det eg brukte.
1.dl. sukrin eller 1ts steviapulver
(her må du prøva deg fram så det ikkje blir for søtt, skal veldig lite til)

Ha i muffinsformer og steik midt i ovnen, 200 grader i 15 minutt.

Når muffinsane er avkjølte kan du ha ein syrleg glasur på;

1 beger naturell kremost
1/2 dl. sukrin-melis

SO er det berre til å nyta ein sunn nistemuffins eller to! :)


2 kommentarer:

  1. Nam-nam!! Desse må eg prøva!!
    Må nok legga om kostholdet no litt før bikinisesongen..

    Ha ein fin dag i ruskaveret :-)
    Klem, Mona:-)

    SvarSlett
  2. Hehe, ja må prøva å legga om til litt sunnare her i heimen òg framover:)

    Ha ein fin dag du òg! Deilig ver i dag ja :)

    SvarSlett